View Part
Val 2009
Mandag 14. september er det stortings- og sametingsval Bruk stemmeretten din!
Her kan du stemme på valdagen:- Ortnevik grendahus kl 0900 – 1030
- Bjordal skule kl 1100 – 1600
- Ikjefjord grendahus kl 1630 – 1730
- Lavik helse- og sosialsenter kl 0900 – 1800
- Vadheim skule kl 0900 – 1800
- Kyrkjebø skule kl 0900 – 1800
- Høyanger Samfunnshus kl 0900 – 1900
Hugs å ta med deg valkort og gyldig legitimasjon (t.d pass, førarkort eller bankkort med bilete). Vallova seier at ein veljar som er ukjend for røystemottakar skal legitimere seg. Ta difor med legitimasjon når du skal røyste.
Vallister og kandidatar Liste over godkjende vallister og kandidatar i Sogn og Fjordane fylke.
Tidleg førehandsstemmegjeving, Nytt i år! Frå 01. juli til og med 09. august, ordninga er meint for veljarar som ikkje har høve til å førehandsstemme i løpet av den ordinere førehandsstemmeperioden, eller til å stemme på valdagen. Ta kontakt med kommunen, for å avgje stemme.
Førehandstemmegjeving Frå 10. august til og med 11. september, kan alle stemmeberettiga, uavhengig av kva kommune ein er manntallsført i, avgje førhandsstemme i Høyanger kommune. For meir informasjon om valet, følg lenkene på sida, eller ta kontakt med valstyret sitt sekretariat Rita Flaten tlf. 57711550 Besøksadresse: rådhuset, August Gunnarskogs gt. 1, postadresse: Postboks 159, 6991 Høyanger
Sida vert kontinuerleg oppdatert med ny informasjon etterkvart som valet nermar seg.
|
|
|
|