Næringsdag 10. mars
Onsdag kan du bli oppdatert på kva som skjer innan næringslivet i Høyanger.
Med ulike mellomrom har vi høyrt om Carbontech, Nordic Power Systems
(NPS), SafeClean, Østerbø Maskin, St. Jean Industries, Eras,
KvalitetsLosen og andre verksemder i kommunen. Men mange lurer på kva dei driv med, kva er
status og korleis framtida ser ut.
På onsdag samlast desse og mange fleire spanande verksemder til informasjonskveld på Høyanger samfunnshus. Der vil dei fortelje og svare på spørsmål både under presentasjon og på stand.
Vel møtt på Samfunnshuset, onsdag
10. mars. Dørene opnar kl. 17. Det første føredraget går av stabelen
kl. 1730. Opplegget varar til ca. 21:30. I tillegg vert det kafe med mykje godt på menyen.