I Høyanger kommune er det lagt til rette for fysisk aktivitet gjennom ulike idrettslag og idrettsanlegg i dei ulike bygdelaga. Høyangerbadet gjev høve til svømming, terapibading, stup, sklier, rekreasjon og leik.
I Høyanger Samfunnshus ligg bibliotek, kino og festsal. Biblioteket har 7 bibliotekavdelingar i kommunen og eit godt utval av litteratur, lydbøker, tidsskrift og aviser. I tillegg er det eigne publikumsterminalar med Internett. Høyanger kino har filmvisningar 3-5 gonger i veka. I tillegg har Lavik og Bjordal bygdekino med visningar ein gong pr. månad.
Sjå meny til venstre for fleire opplysningar.