Gå til hovedinnhold
Forsiden > Skip Navigation LinksTema > Om Høyanger Gå til hovedinnhold
Temaelement 

Om Høyanger

Landskap Høyanger sentrum
Fotograf: ukjent

Høyanger kommune ligg på begge sider av den om lag 18 mil lange Sognefjorden, den lengste og djupaste fjorden i verda.

Kommunen har ca. 4400 innbyggarar.

Kommunesenteret er i Høyanger, med ca 2 500 innbyggarar. Høyanger er eit moderne industrisamfunn som har vakse fram i takt med Hydro Aluminium/Høyanger Metallverk. Ved sida av aluminiumsindustri, ein del småindustri, detaljhandel og servicenæringar, er jordbruk den viktigaste levevegen i bygdene langs fjorden.

Fjord, fjell skog og vatn - naturen er vekslande og mangfaldig. Søkjer du fred, ro og naturopplevingar? Vi lar deg velje blant utallige idyllar. Nede i fjordbotn gir dei majestetiske fjella eit mektig og imponerande inntrykk. Oppe i fjella vil du finne rikeleg med plass, frisk luft og vakker natur for deg og dine. Og fjellauren som ventar.

Søkjer du ei meir aktivt fritid har Høyanger eit stort tilbod av kultur -og fritidsaktivitetar. Alt frå tradisjonelle kunstformer som korpsmusikk og idrett, til hardtslåande rockarar og tenorsongarar av høg klasse.

Sjå filmen "a great place to be" på nettsida til Høyanger Næringsutvikling AS.

Høyanger var den første verkelege "industribyen" i Sogn og Fjordane. Den spanande historia til Høyanger - om fossespekulantar, visjonære industrifolk og sterke politiske spenningar mellom bondesamfunn og radikale innflyttarar og mykje meir - finn du i
fylkesleksikonet til NRK Sogn og Fjordane.

Høyanger kommune har et samarbeid med tilflytterportalen www.HitTilOss.no. For å gå direkte til Høyangers kommuneprofil - www.HitTilOss.no/Hoyanger "

Tema - info 
 
Tema - rediger 
Diskusjonsforum liten, Fotograf: Administrator Turisme og reiseliv liten Kino Liten, Fotograf: - Høyanger bibliotek liten, Fotograf: ukjent framtidsfylket liten, Fotograf: .