Gå til hovedinnhold
Forsiden > Skip Navigation LinksTema > Bustad og eigedom > Byggesak Gå til hovedinnhold
Temaelement 

Byggesak

Høyanger kommune tek imot elektroniske byggesøknader via ByggSøk-bygning. På ByggSøk-bygning vil du kunne fylle ut byggesøknaden elektronisk, men du må fyrst registrere deg som ny brukar, dersom det er fyrste gong du er inne på sida. Fordelen med å bruke ByggSøk-bygning er at du får rettleiing undervegs og kontroll på at søknaden er komplett utfylt. Høyanger kommune oppfordrar alle til å ta systemet i bruk.

På nettstedet
byggesak.com vil du finne meir informasjon og rettleiing for byggesak i Høyanger kommune.

Avfallsplan
Frå 1. januar 2008 er det krav om kjeldesortering av byggeavfall, og innlevering av avfallsplan og sluttrapport i byggesaker. Dei nye reglane gjeld nybygg over 300 m2 bruksareal, og riving eller rehabilitering av bygningar over 100 m2 bruksareal. Kommunen kan ikkje gje igangsettingsløyve før avfallsplan er godkjend. Normalt vert avfallsplanen handsama som del av byggesaka.

Estetiske retningslinjer
Høyanger kommune har utarbeida stadanalyse for Høyanger sentrum og ’’Rettleiar for til- og ombygg’’ for A.B. Vamråksgate, Hans Hygens gate, H. Wergelandsgate, Hagegata og Morenegata. Stadanalyse og rettleiar kan du få ved å vende deg til teknisk forvaltning.

Graveløyve
Før ein startar gravearbeid må ein undersøkje om tiltaket kjem i konflikt med kablar eller røyr. Dette gjelder straum, telefon, kabel-tv, vatn, avløp o.l. Ved graving i fylkes- og riksveg må det liggje føre løyve frå Statens vegvesen.

Sjå meny til høgre for fleire opplysningar.

Tema - info 
 
Tema - rediger 
Diskusjonsforum liten, Fotograf: Administrator Turisme og reiseliv liten Kino Liten, Fotograf: - Høyanger bibliotek liten, Fotograf: ukjent framtidsfylket liten, Fotograf: .