Gå til hovedinnhold
Forsiden > Skip Navigation LinksTema > Kultur og fritid > Aktivitetstiltak for barn og ungdom > Kulturskulen Gå til hovedinnhold
Temaelement 

Kulturskulen

Høyanger starta kommunal musikkskule i 1978, og er såleis ein av dei eldste i Sogn og Fjordane.
Frå 1.1.2005 vart musikkskulen endra til Høyanger kulturskule i samband med utvidinga av tilbodet til andre uttrykksformer.
Skulen har 135 elevar og 3 faste lærarar i tillegg til timelærarar.

Målgruppe er alle, men born og unge vert prioritert.

Tilboda i kulturskulen er: Grunnkurs (førebuande musikkopplæring), messinginstrument (kornett/trompet, althorn, trombone, baryton, tuba), treblåseinstrument (fløyte, klarinett, saksofon, blokkfløyte), slagverk og musikkterapi, samt sal av dirigenttenester til kor og korps.
Undervisning skjer anten i skuletida eller i sfo-tida. Ein prøver så langt det let seg gjere at elevane får speletime rett etter skuleslutt.

Frå hausten 2006 har vi tilbod innan moderne dans frå 1. klasse tom. vidaregåande (Høyanger Danseverkstad). Tilbodet kan varierer noko frå stad til stad, og kva stilartar det vert undervist i. Undervisningsdag er onsdag ettermiddag.

Som ein viktig del av undervisninga har vi to større framsyningar til jul og sommar i Høyanger Samfunnshus, samt mindre konsertar og opptrednar gjennom skuleåret på mindre arenaer som på skulane, i omsorgsbustadane og sjukeheimane eller andre stader ein måtte ønskje.

Kulturskulen har prosjektsamarbeid med grunnskulen.
Har du spørsmål om opptak, ventelister, instrument eller anna, er du velkomen til å ta kontakt med rektor Beate Kjølstad på tlf.: 57711568/99219371 eller til oppvekstkontoret tlf.: 57711560.

Sjå meny til høgre for fleire opplysningar.

Tema - info 
 
Tema - rediger 
Diskusjonsforum liten, Fotograf: Administrator Turisme og reiseliv liten Kino Liten, Fotograf: - Høyanger bibliotek liten, Fotograf: ukjent framtidsfylket liten, Fotograf: .