Politikk og utval

Her finn du aktuell informasjon om politikk i Høyanger kommune. Nettstaden er kopla mot vårt interne system slik at du vil finne informasjon om utvalg, møte, medlemmer, sakskart og saksinformasjon. Du får direkte tilgang til alle aktuelle dokument, som ikkje er unntatt frå offentlegheit.
Ordføraren vår
Kjartan Longva er inne i sin tredje periode som ordførar i Høyanger.
Han har tidlegare vore med i kommunestyret frå 1980-88. I desse periodane var han med i formannskapet og var varaordførar i perioden 1985-88. Frå 1988 har han vore medlem i fylkestinget, der han har vore hovedutvalsleiar og leiar av SND-styret. Kjartan Longva flytta som nyutdanna lektor til Høyanger i 1975.
Etter 7 år som inspektør vart han rektor ved Høyanger vidaregåande skule i 1985, og var i denne jobben fram til han vart valt som ordførar ved kommunestyrevalet i 1995. Ordføraren kan nåast på telefon
57 71 15 52/99 21 93 50, e-post
Kjartan Longva.
Utval, møteplan og medlemmer På høgre sida finn du lenke til politiske utval, her finn du også informasjon om møteplan for utvala og medlemmene. Frå møteplanen kan du hente fram sakliste og opne aktuelle møtedokument, og her finn du også lenke til ytterlegare saksopplysningar og bakgrunnsmateriale. Via utvalet får du tilgang til medlemsliste og detaljar om kvar einskild medlem.
Aktuelle møte Møteplan 2010 På høgre sida finn du ei liste over aktuelle politiske møte, dvs dei 5 neste politiske møta i kommunen. Klikk på lenka for detaljar.
Søk etter møte Du kan også søke etter politiske møte. I lenka til høgre kan du søke i møteplanen.
Søk etter politikar
Du kan også søke etter politikarar. I lenka til høgre kan du søke etter ein bestemt politikar.
Vennskapsbyar
Bornholm DanmarkRonneby SverigeMänntä Finland