Middagslevering

Middagslevering skal vere hjelp til deg som ikkje kan lage eller varme deg ferdiglaga middag.

Kven kan få middagslevering?

Heimebuande eldre eller andre personar som på grunn av sjukdom, alder eller andre grunnar ikkje kan lage middag sjølv, kan søke om å få middagslevering.

Kva tilbyr vi?

  • Middagen vert laga av Sentralkjøkkenet og køyrd ut til kvar einskild.
  • Middagen er variert og næringsrik.
  • Diettmat vert levert dersom det er medisinske grunnar til det.

Du må forplikte deg til faste leveringsdagar. Skulle det likevel vere endringar, melder du frå innan fastsette fristar.

Slik søker du

  • Du må sende ein skriftleg signert søknad. Du bruker felles søknadsskjema for helse- og omsorgstenester for å søke om middagslevering:

Søk om middagslevering - papirskjema

  • Dersom nokon hjelper deg med å fylle ut søknaden, må du fylle ut ei skriftleg fullmakt og sende meg søknaden:
    Fullmaktskjema (PDF, 71 kB)

Send søknad til:

Høyanger kommune
Tiltaksteam
Postboks 159
6991 Høyanger

Kva kostar det?

Prisar på middagslevering
Type middagslevering Pris pr middag i 2024
Middag inkludert dessert/suppe 112
Middag utan dessert 87
Pristillegg spesialkost 30

Korleis blir søknaden handsama og kor lang tid tek det?

  • Når du søker om middagslevering, er det Tiltaksteamet som handsamar søknaden og vurderer behovet for middagslevering.
  • Tiltaktsteamet handsamar søknaden så raskt som mogleg. Dersom søknaden ikkje kan avgjerast innan ein månad, vil du få ei skriftleg melding om grunnen til det.

Har du spørsmål, ta kontakt med

Ring Tiltaksteamet ved leiar på mobil 992 19 305 kvardagar mellom klokka 09.00 og 15.00 om spørsmåla gjeld søknaden.

Ring den lokale heimetenesta om du har andre spørsmål

Kan du klage på vedtaket?

Du kan klage på vedtaket innan ein frist på fire veker frå du fekk brevet. Grunngi kvifor du klagar. Dersom kommunen lar vedtaket stå, blir saka sendt vidare til Statsforvaltaren i Vestland som siste klageinstans.

Oddveig Eide
Einingsleiar for heimetenesta
E-post
Mobil 99 21 93 05