Tryggleiksalarm

Bur du aleine og treng å tilkalle hjelp i akutte situasjonar, kan du søke om tryggleiksalarm. Alarmen har du på deg heile døgnet, og med den kan du enkelt tilkalle hjelp i akutte situasjonar.

Kven kan få tilbodet?

Eldre, personar med funksjonsnedsetting og andre som kan kjenne seg utrygge ved å bu aleine.

Kva er tryggleiksalarm?

Ein tryggleiksalarm er ein alarm for å tilkalle hjelp i akutte situasjonar når som helst på døgnet. Når du trykker på alarmen, vil Alarmsentralen umiddelbart ta kontakt med deg, vurdere nødvendig oppfølging og ved behov sende hjelp til deg.

Slik søker du

  • Du må sende ein skriftleg søknad. Du bruker felles søknadsskjema for helse- og omsorgstenester for å søkje om tryggleiksalarm:

Søk om tryggleiksalarm - papirskjema

  • Dersom nokon hjelper deg med å fylle ut søknaden, må du fylle ut ei skriftleg fullmakt og sende med søknaden: 
    Fullmaktskjema (PDF, 71 kB)

Send søknad til:

Høyanger kommune
Tiltaksteam
Postboks 159
6991 Høyanger

Søknadsfrist

Det er ikkje søknadsfrist. Søknader vert handsama fortløpande.

Kva kostar det?

Det er husstanden si samla inntekt som bestemmer kor mykje du må betale for tryggleiksalarm.

Korleis blir søknaden handsama og kor lang tid tek det?

  • Det er Tiltaksteamet som handsamar søknaden din. Dei tek kontakt med deg for å avtale eit heimebesøk der dei kartlegg hjelpebehovet ditt. Tiltaksteamet vurderer om tryggleiksalarm er den mest tenlege måten å organisere hjelpa på.
  • Tiltaksteamet handsamar søknaden, og du vil få tilsendt eit vedtak. Dersom søknaden ikkje kan avgjerast innan ein månad, får du ei skriftleg melding om årsaka.

Praktiske opplysningar ved leige av tryggleiksalarm

  • Alarmen er knytt til Alarmsentralen i Florø heile døgnet.
  • Du må gi løyve til at nøkkelboks/elektrisk lås vert montert ved inngangsdøra di.
  • Utanfor ein radius på om lag 5-7 km frå tett busetnad bør pårørande/nabo vere førstekontakt for Alarmsentralen.
  • Ved alarmar knytta til heimetenesta, kan det ta inntil ein time før heimetenesta kan vere hos deg. Dette avheng av køyretid og kor rakst ein får avslutte pågåande oppgåver på forsvarleg måte.
  • Du må betale månadsabbonement for leige av tryggleiksalarmen.
  • Det er ein månad oppseiingstid.
  • Høyanger kommune tek atterhald om retten til å inndra tryggleiksalarmar som ikkje vert brukt i tråd med tildelingskriteria.
  • Vedlikehald og reparasjonar som følgje av vanleg bruk vert dekka gjennom abonnementet.

Har du spørsmål, ta kontakt med:

Ring Tiltaksteamet ved leiar på mobil 992 19 305 kvardagar mellom klokka 09.00 og 15.00 om spørsmåla gjeld søknaden.

Ring den lokale heimetenesta om har andre spørsmål

Kan du klage om du ikkje får innvilga søknaden?

Tryggleiksalarm er ikkje ei lovpålagt teneste, men kan i enkelte høve bli vurdert til å vere rett tiltak for å oppnå forsvarleg helsehjelp.

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på fire veker frå du fekk brevet. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Dersom kommunen lar vedtekat står, blir saka sendt vidare til Statforvaltaren i Vestland som siste klageinstans.

Aktuelle lover og forskrifter

Helse- og omsorgstenestelova

Forskrift om eigenbetaling for kommunale helse- og omsorgstenester

Oddveig Eide
Einingsleiar for heimetenesta
E-post
Mobil 99 21 93 05