Helsestasjon for ungdom

Helsestasjon for ungdom er eit tilbod til deg som er i alderen 12 til 25 år. Tilbodet er eit supplement til skulehelsetenesta.

Opningstider helsestasjon for ungdom

Helsestasjon for ungdom er open onsdagar kl. 14.30 til kl. 16.30, Høyanger Helsesenter, Storgata 8, 6993 Høyanger, 2. etasje. Telefon: 57 71 16 12.

Kva kan du få hjelp til?

  • Snakke med oss om til dømes personlege problem og andre utfordringar i kvardagen.
  • Rettleiing om prevensjon og uønska graviditet.
  • Testar for seksuelt overførbare sjukdommar og graviditet.
  • Om du ønskjer å få innlagt p-stav, bestill time på telefon 57 71 16 12.
  • Du har rett til gratis vaksine etter gjeldande barnevaksinasjonsprogram fram til du fyller 20 år. Dersom du av ulike grunnar ikkje har fått ein eller fleire av vaksinane i barnevaksinasjonsprogrammet til ordinær tid, kan du få dette på helsestasjonen.

Kven møter du på helsestasjon for ungdom?

Du møter både helsesjukepleiar, jordmor og lege. Du får råd og rettleiing av oss som er på helsestasjonen eller vi kan vise deg vidare til fastlege eller spesialist ved behov. Alle du møter på helsestasjonen har teieplikt.  

Nyttige nettstadar

Høyanger helsestasjon
kontortelefon
Telefon 57 71 16 12