Aktivitetskort for born og unge

Utval for kultur og folkehelse vedtok i møtet sitt den 18. januar 2019 å innføre aktivitetskort frå første mars i år. Born ogungdom i alderen 10 - 19 år i Høyanger kommune kan kjøpe aktivitetskort med sterkt reduserte prisar på ulike aktivitetar.
 

Kortet er no klart for sal, og kan kjøpast på Høyanger bibliotek. Det er designa av Finurlig AS.

Prisen på kortet er kr 300, men den reelle verdien er på om lag kr 750.

Kortet kan nyttast på flg. aktivitetar:

Aktivitet

Tal billettar

Høyangerbadet 5
Høyanger kommunale kino 3
Ungdomklubb-arrangement 2
UKM Lokalmønstring 1
Gunnar S. Galleriet 2
Høyanger Industristadmuseum 2
   


Høyanger kommune ønskjer å bidra til auka inkludering og utjamning i samfunnet, og legge
til rette for meir aktivitet ved å tilby eit aktivitetskort med svært reduserte prisar. Dette for å
stimulere til deltaking i ulike aktivitetar i Høyanger.