Akvakultur Hovdeurane - Høyring av søknad om midlertidig dispensasjon frå kommuneplanen sin arealdel

Høyanger kommune har motteke søknad frå Aller Aqua om midlertidig dispensasjon jf. plan og bygningslova §19-2 frå kommuneplanen sin arealdel til etablering av akvakulturlokalitet ved Hovdeurane på austsida av Vadheimsfjorden.

Søknad med vedlegg er tilgjengeleg her.

Frist for tilbakemelding er sett til 24. juni 2019 og skal sendast til postmottak@hoyanger.kommune.no, ev. til Høyangerkommune, postboks 159, 6991 Høyanger.

Om spørsmål ta kontakt med kommuneplanleggar Synne Vefring på tlf. 57711547 eller mob. 99219397