Bassengtrening i Høyanger
Høyanger kommune startar opp med ein ny runde bassengtrening i Høyangerbadet frå 13. september 2022. Treninga vil føregå på tysdagar kl.14:00 - kl. 15:30 og vert leia av fysioterapeut.
Dette er eit tilbod for deg som er over 60 år og som strevar med å vere fysisk aktiv eller treng fysisk aktivitet for å oppretthalde fysisk funksjon.
Påmelding:
Påmelding innan 05.09.2022. For meir informasjon eller påmelding, ta kontakt med einingsleiar Thomas Rørvik, mobil 992 19 341 eller fysioterapeutar, tlf. 979 98 972 / 992 19 340 / 947 87 562.
Sist endra 19.08.2022 14.24