Koronavirus - Covid 19

Kommunen har etablert beredskap i samband med utbrotet av koronavirus. Kommuneleiinga og smittevernlegen følgjer situasjonen og utviklinga tett. 

Det er framleis viktig å halde fram med dei nasjonale smitteverntiltaka, særleg når vi no kjem gradvis i meir aktivitet. 
Har du symptom du halde deg heime frå jobb, og ved forverring med hoste/feber/tungpust ring legekontoret. 
VIKTIG: At vi alle følger generelle tiltak med avstand og god hygiene. HUGS: For dei fleste er dette ein mild sjukdom, det er dei eldre og sårbare vi må passe på! Ta vare på kvarandre! 

Nasjonale tiltak

Her finn du meir informasjon om situasjonen og tiltak frå Høyanger kommune

Spørsmål om koronaviruset?
Ring informasjonstelefonen for korona på telefon - fellesnr 992 19 398, kvardagar mellom kl. 10:00-13:00 eller nasjonal informasjonstelefon: 81 55 50 15.

 

Befolkningsvarsling i Høyanger kommune

Klikk for stort bilete Vi brukar varslingssystemet Varsling24 for å kunne varsle innbyggarar i eit geografisk område. Kommunen informerer innbyggarane digitalt via SMS/ talemelding/ e-post ved hendingar der dette er hensiktsmessig. Det kan vere ved vannavstengning, stengte vegar, evakuering, generelle servicemeldingar og andre høve som krev rask informasjon. 

For å nå innbyggarane:

1)     www.norge.no/oppdater-kontaktinformasjon I dette felles nasjonale kontaktregisteret anbefalar vi å legge inn både mobiltelefon og e-postadresse. (Les mer på norge.no.)

Dersom ein har logga inn på ein offentleg teneste via ID-Porten finnst ein i kontakt- og reservasjonsregisteret.

(Ønsker ein ikkje å motta digital kommunikasjon fra det offentlege, må ein slette seg: https://www.norge.no/nb/slett-kontaktinformasjon )

2)     www.varslemeg.no som er eit tilleggsregister nyttar ein om ein ønsker å motta varsel for ei adresse som ein ikkje er registrert med bustadsadresse på.

 

For å nå bedrifter:

Bedrifter må registrere nøkkelpersonar ved å gå inn på linken www.varslemeg.no. Ein kan registrere så mange nummer ein vil per adresse.


Varsling av heile kommunen - befolkningsvarsling

Dersom det er trong for å varsle alle som bur i kommunen, sender ein  éin melding til kvar husstand.  Meldinga vert sendt til husstanden sin referanseperson (den som er registrert med såkalt Personkode 1 i Folkeregisteret).

Referansepersonen er i ektepar mannen, i sambuarpar kvinna og i registrerte partnarskap eldste partnar. I andre tilfelle er referansepersonen den eldste i husstanden eller familien. Les meir her om personkodar ttps://www.ssb.no/a/metadata/conceptvariable/vardok/89/nb

Dette vert gjort for å begrense antall meldinger, og dermed kunne gjennomføre ei varsling til heile kommunen i løpet av kortast mogeleg tid.

 

Ofte stilte spørsmål

Korleis verkar varslinga?

Meldinga blir sendt som tekstmelding (SMS) til mobiltelefon.

Ikkje fått varsling?

Du kan på varslemeg.no søke i varslingsregisteret for å sjekke om du er blitt varsla.
Om du ikkje har fått varsling kan du endre oppføringa i Opplysningen 1881 eller registrere telefonnummeret ditt i tilleggsregisteret.

Eg har hemmeleg nummer. Blir eg varsla?

Varsling 24 varslar ikkje hemmelege nummer. Om du ynskjer å få varsel frå din kommune, gjer du ei tilleggsoppføring på varslemeg.no. Kryss av for "hemmeleg nummer".

Korleis får eg varsel for andre adresser enn mi bustadadresse?

På varslemeg.no kan du legge inn tilleggsadresser som du ynskjer varsel for. Dette kan gjelde barn i studentbustad,  foreldra dine sin bustad eller ein fritidseigedom. Under ”Tilleggsoppføring” klikk ”Legg til ditt telefonnummer”. Skriv inn mobilnummeret ditt og klikk ”send”. Du mottar ein kode på sms, som du brukar for å logge deg inn. Her kan du legge til andre adresser du vil bli varsla for. Namn = den som bur på adressa du registrerar.

Kan eg få varsel?

Det kan være fleire årsaker til at ditt telefonnummer ikkje er oppført i Opplysningen 1881. Du kan sjølv registrere telefonnummeret ditt. Gjer fylgjande:

  • Under ”Tilleggsoppføring” klikk ”Legg til ditt telefonnummer”.
  • Skriv inn mobilnummeret ditt og klikk ”send”.
  • Du mottar en kode på sms, som du brukar for å  logge deg inn.
  • Her kan du legge til andre adresser du vil bli varsla for. Namn = den som bur på adressa du registrerer.

Har eg lov til å endre adressa som er registrert på dette abonnementet?

Du kan trygt legge inn di bustadadresse. Registreringa gjeld ikkje kven som er juridisk eigar av abonnementet eller fakturaadresse.

Eg bur i burettslag/blokk/sameige. Blir alle på mi adresse varsla?

Alle i eit burettslag eller sameige blir varsla.

Korleis finn eg ut om foreldra mine si adresse er i ein kommune som bruker Varsling 24?

Ta kontakt med den respektive kommune for å høyre om dei brukar Varsling 24.

Korleis kan eg sjå kva adresse eg får varsel for?

varslemeg.no kan du sjekke alle varslingsadresser som er oppført på ditt mobilnummer. Gjer fylgjande:

  • Under ”Tilleggsoppføring” klikker du ”Legg til ditt telefonnummer”.
  • Skriv inn mobilnummeret ditt og klikk ”send”.
  • Du mottar en kode på sms, som du bruker for logge deg inn. Her ser du lista over adresser registrert på ditt mobilnummer.
  • Her kan du også slette adresser eller legge til fleire