Koronavirus - Covid 19

Vi oppfordrar innbyggarane våre om å unngå unødig reiser til Bergen på noverande tidspunkt. Dette på grunn av ei auke av smittetilfelle og ein uavklart smittesituasjon i samfunnet.

VIKTIG: At alle følger generelle tiltak med avstand og god hygiene. HUGS: For dei fleste er dette ein mild sjukdom, det er dei eldre og sårbare vi må passe på! Ta vare på kvarandre! 

Testing i Høyanger kommune - kontakt legekontoret tlf 57713900 måndag-fredag, før kl 10:30.

Nasjonale tiltak
Her finn du meir informasjon om situasjonen og tiltak frå Høyanger kommune
Information about covid-19, corona, in different languages

Spørsmål om koronaviruset?
Ring kommunal informasjonstelefon 992 19 398, open måndag - fredag, kl 10:00 - kl 12:00
Ring nasjonal informasjonstelefon: 81 55 50 15.

 

Besøk av pårørande i sjukeheim og omsorgsbustadar

Klikk for stort bileteBesøkande som har vore på reise i Noreg

Det er for tida mykje smitte med covid19 i enkelte område i Noreg. Vi må gjere det vi kan for å unngå at pasientar og bebuarar i omsorgssentera og i omsorgsbustadane vert utsett for smitte. Det vert difor innført besøksrestriksjonar for personar som har vore på reise i desse områda:

Pårørande eller andre som har vore på reise i områda Bergen, Oslo og Viken kan ikkje komme på besøk i omsorgssenteret før 10 dagar etter heimkomst.

Reiser til utlandet

Regjeringa har opna for fritidsreiser til enkelte land i Europa med låg smitterisiko, men tilrår likevel at vi unngår unødvendige reiser til utlandet. Folkehelseinstituttet (FHI) sine reiseråd skal redusere faren for at personar busett i Noreg vert smitta og at reisande tek med seg smitte til Noreg. Det er viktig at reiseråda vert følgde,

Pårørande eller andre som har vore på reise i utlandet kan ikkje komme på besøk i sjukeheim og omsorg bustader før 10 dagar etter heimkomst.

Besøk til alvorleg sjuke og døyande pasientar: Høyanger kommune har egne rutiner for pårørande som ynskjer å besøke  alvorleg sjuke og døyande pasienter i Covid-19 perioden. Rutina vil vere gjeldande, også for pårørande frå Bergen, Oslo og Viken.

For alle besøkande gjeld følgjande reglar:

  • Pårørande som har symptom på luftvegsinfeksjon skal ikkje kome på besøk
  • Gode rutinar for handvask før og etter besøk
  • Besøkande må halde reglar om avstand; direkte fysisk kontakt kan vurderast, men nær ansikt-til-ansikt-kontakt bør unngåast. Om det skjer, er det viktig med god handhygiene etterpå.
  • Personalet har høve til å vise vekk pårørande med symptom på luftvegsinfeksjon, eller som ikkje følgjer reglane for hygiene og avstand
  • Vi ber om at besøkande melder frå til avdelingsleiinga dersom de får  symptom på luftvegsinfeksjon dei første dagane etter besøket

Det er særs viktig at alle pårørande/besøkande følgjer gjeldande smittevernråd. Vi minner om at reglane er der for å beskytte brukarane, som er dei mest sårbare for alvorleg korona-infeksjon.