Biologar på feltarbeid i innsjøar

Høyanger kommune deltek i eit felles prosjekt med Sogn og Fjordane fylkeskommune om å undersøkje innsjøar. Dette vil vise miljøtilstand og gi ein peikepinn på eventuell ureining.

Undersøkinga er ein del av arbeidet for at alle innsjøar, elvar, kystområde og grunnvatn skal oppnå miljømål etter vassforskrifta. Det er leigd inn konsulent som vil nytte båt til å ta prøvar av planteplankton, oksygen og vassprøvar til analyse på laboratorium. Undersøkinga vil starte opp i veke 24 og omfatte 6 prøvetakingar til og med oktober.

I Høyanger omfattar undersøkinga Langevatnet og Mølmesdaltjørna.