Bjordal næringsområde - varsel om planoppstart detaljreguleringsplan

I samsvar med §12-8 i plan- og bygningslova vert det varsla om oppstart av detaljreguleringsplan pbl §12-3 for gbnr18/2 m. fl. i Bjordal i Høyanger kommune.

Formålet med planarbeidet er å setje av nytt areal til næring og lager. Område for masseuttak blir oppjustert til å samsvare med dagens bruk.

I kommuneplanen sin arealdel er området regulert til råstoffutvinning. I gjeldande reguleringsplan er området regulert til steinbrudd og masseuttak. Planen vil heilt/delvis erstatte planen «Massetak og kaiområde i Bjordal frå 1995».

Heile område avsett i kommuneplanen sin arealdel skal inngå i planområdet.

Ein har vurdert tiltaket etter §6 og §8 i KU-forskrifta og funne at planen ikkje utløyser krav om konsekvensutgreiing.

Det er gjennomført ei skredfarevurdering av området i forkant av planoppstart.

Planområdet er om lag 175,6da og er avgrensa som vist på kartutsnitt.

Innspel, opplysningar eller spørsmål om planarbeidet kan sendast til Sunnfjord Entreprenør AS, Vettreiene 5, 6819 Førde eller elektronisk til truls@sunn-entr.no med kopi til Høyanger kommune, postboks 159, 6991 Høyanger elle elektronisk til postmottak@hoyanger.kommune.no innan 21.12.2018.