BRAK arrangerar låtskrivarkurs i Høyanger 8. november

- BRAK.jpg - Klikk for stort bilete

 

Informasjon frå BRAK sine heimesidar: 8. november følgjer vi opp Bandkurset med Marie Amdam med eit låtskrivarkurs for nybegynnerar. Arrangementet passar for dei som har ingen eller litt erfaring med låtskriving. Det kan vere ein fordel å kunne litt notar eller nokre grep på gitaren, men dette er ikkje nødvendig for å vere med. Det viktigaste er at du har lyst til å lære. Det er ikkje eit krav om å ha deltatt på Bandkurset for å delta på Låtskrivarkurset.

Kurshaldar er Silja Dyngeland, også kjent under artistnamnet Silja Sol. Silja har gitt ut ein EP og tre album – sist Ni Liv som kom ut i 2017.

Kurset er avgrensa til personar mellom 12 – 18 år.

Påmelding her.

Publisert av Maria Brendehaug Petersen. Sist endra 06.11.2017
 
 
Login for redigering