Om ordninga
Høyanger kommune tek opp att ordninga med ein bygningsmiljøpris. Bygningsmiljøprisen er ein heiderpris som kan delast ut til bygningar, hus og utomhusmiljø.
Det vil sei at det kan vere andre bygningar enn berre bustader, og at hagemiljø vert inkludert i ordninga. Dei nye statuttane omtaler både eksisterande bygningar, hus og utomhusmiljø uansett alder, men gjeld også for dei som vel å bygge nytt.
Det er eksteriøret Bygningsmiljøprisen vil heidre, og vektlegg arkitektur, estetisk utforming, utføring, materialbruk, fargeval, landskapstilpassing og samspelet mellom stad, miljø og historie. Dette er ein god måte å løfte fram dei som bidreg til å heve, fornye og utviklar god byggeskikk i Høyanger kommune og som restaurerer/ bygger ut/ bygger nytt som på ein god måte ivaretek bygningen, huset eller utomhusmiljøet sin karakter, opprinning eller tilpassing.
Aktuelle kandidatar til Bygningsmiljøprisen vert føreslått og grunngjeve av innbyggarar, og vert vurdert av ein jury beståande av fem medlemmar frå kommunalområde Samfunn.
Frist for innspel
20. april 2023
Skjema for innspel
Skjema
Du kan også sende innspel pr. post om du finn det betre
postmottak@hoyanger.kommune.no
eller
Høyanger kommune
postboks 159
6991 Høyanger
Statuttane
- Bygningsmiljøprisen er ein heiderspris som delast ut til bygningar, hus eller utomhusmiljø.
- Prisen kan gå til restaurering av eksisterande bygningar, hus eller utomhusmiljø, eller til ny oppføring av dette.
- Prisen kan gå til dei som vektlegg arkitektur, estetisk utforming, utføring, materialbruk, fargeval, landskapstilpassing og samspelet mellom stad, miljø og historie.
- Aktuelle kandidatar til prisen er den eller dei som bidreg til å heve, fornye og utvikle god byggeskikk i Høyanger kommune.
- Prisen kan delast ut kvart år dersom det er kandidatar som stettar statuttane.
- Prisen er ein diplom og eit kronebeløp på kr 10.000.
- Innbyggarar i Høyanger kommune kan foreslå kandidatar. Forslaget skal grunngjevast. Statuttar og informasjon om korleis føreslå kandidatar til Bygningsmiljøprisen skal vere tilgjengeleg på Høyanger kommune si heimeside, og det skal årleg annonserast ein frist for innspel til prisen.
- Juryen består av 5 medlemar med relevant bakgrunn innan kommunalområde Samfunn.
- Vinnar av Bygningsmiljøprisen skal kunngjerast på kommunestyre sitt sommarmøte. Prisen overrekkast av ordføraren.
- Framlegg til vinnar av Bygningsmiljøpris skal handsamast i Planutvalet. Ved avvikling av Bygningsmiljøprisen skal det gjerast ved vedtak i same utval.