Bygningsmiljøprisen 2024 går til Andreas og Anette Ester

Høyanger kommune er stolte av å kunngjere at Anette og Andreas Ester har vunne Bygningsmiljøprisen for 2024 for deira arbeid med eigedomen på Hellebøstranda 40 i Lavik!

Bilete av Anette Ester, Petter Sortland og Andreas Ester. - Klikk for stort bileteFrå venstre: Anette Ester, Petter Sortland og Andreas Ester. Kine Larsen Lægreid

Dei har klart å kombinere berekraftige løysingar med respekt for det gamle, og skapt ein eigedom som er eit flott tilskot til nærmiljøet. 

Vi takkar alle som har sendt inn forslag og delteke i kåringa. Dette året hadde vi mange gode kandidatar, og vi er takksame for den store innsatsen som vert lagt ned i å bevare og fornye bygningane og miljøet i kommunen vår.

Gratulerer igjen til Anette og Andreas Ester!

Kine Larsen Lægreid
Planleggar
E-post
Telefon 57 71 15 87
Mobil 45 14 20 74