Deler du brønn med naboen? Nå skal alle små vassforsyningssystem registrerast.

Innan 1. juli 2018 skal alle vassforsyningssystem vere registrert hjå Mattilsynet. Dette gjeld også dei som er små, til dømes ein brønn som forsyner to hus med drikkevatn. Meir informasjon, og lenke til registreringsskjemaet finner du på mattilsynet.no.

Registreringa kan gjerast enkelt frå mobiltelefonen

Registreringa er gratis, og Mattilsynet har utvikla eit enkelt mobiltilpassa skjema til føremålet. I skjemaet registrera du vassforsyningssystemet si plassering ved å markere staden i eit kart, og det er kun nokon få tilleggsspørsmål som skal svarast på.

Mange fordelar med å registrere vassforsyningssystemet

Kommunen får tilgang til den registrerte informasjonen frå Mattilsynet. Når kommunen har oversikt over den geografiske plasseringa til dei ulike vassforsyningssystema, kan vi bruke denne informasjonen i vårt arbeid. Ein slik oversikt kan til dømes vere viktig når kommunen legg planar for arealbruk kring brønnen og brønnområda. Oversikt gjer det mogleg for oss å vurdere omsyn til drikkevasskjeldene på eit tidleg tidspunkt.

Drikkevatnet skal vere trygt – også frå små vassforsyningssystem

I januar 2017 kom ei ny drikkevassforskrift, som satte tydelegare krav til trygt drikkevatn også frå små vassforsyningssystem. Kravet om at alle vassforsyningssystem skal vere registrert står i drikkevassforskrifta § 17. Ein presis definisjon av kva eit vassforsyningssystem er kan du lese i drikkevassforskrifta § 3, bokstav k. Informasjon til dei minste vassforsyningssystema gir nyttig informasjon som er spesielt tiltenkt for små vassforsyningssystem.

Har du spørsmål til registreringa? Ta kontakt med Mattilsynet sitt sentralbord på 22 40 00 00, og spør om å få snakke med din lokale avdeling.