Detaljreguleringsplan for Vadheim sentrum

Kommunestyret vedtok i møte 13.11.2018 i sak 046/18 detaljreguleringsplan for Vadheim sentrum jf. plan og bygningslova § 12-12.

 

Kommunestyret sitt vedtak kan i samsvar med plan og bygningslova §§ 12-12 og 1-9, samt forvaltningslova kap. 6 påklagast til Fylkesmannen i Sogn og fjordane. Ein eventuell klage vert å sende skriftleg til Høyanger kommune, postboks 159, 6991 Høyanger eller til postmottak@hoyanger.kommune.no innan 3 veker etter kunngjering.

Eventuelle krav om erstatning eller innløysing jf. plan- og bygningslovens § 15-2 eller § 15-3 må vere fremja skriftleg seinast 3 år etter kunngjering av vedtaket.

Om spørsmål ta kontakt med kommuneplanleggar Synne Vefring på e-post synne.vefring@hoyanger.kommune.no eller på tlf. 57711547/mob. 99219397.