Digital utsending av fakturaer

Digitalisring - Klikk for stort bilete I løpet av oktober går vi over til å sende faktura digitalt til våre kundar. Dersom du har reservert deg frå å få elektronisk post, og ikkje har ein av avtalane som er lista opp under, vil du framleis få fakturaen din heim i postkassen.Fakturaen frå oss vil no vere utan bankgiroblankett.

Fakturaen frå kommunen til deg blir sendt som fylgjande:

 

Avtalegiro eller eFaktura

Dersom du allereie har ein avtale med oss om Avtalegiro eller eFaktura, vil du fortsatt få fakturaen som før.

Digipost eller eBoks

Faktura via Digipost eller eBoks føreset at du har ein avtale med ein av desse, og at du ikkje har reservert deg frå å få post frå det offentlege. Meir informasjon om Digipost og eBoks finn du på Norge.no,  Digipost og eBoks.no.

E-post

Faktura blir sendt som vedlegg til e-post. Dette føreset at du er registrert med ein gyldig e-postadresse i kunderegisteret vårt. Du kan kontakte oss på postmottak@hoyanger.kommune.no om du ynskjer å få registrert e-postadressa di.

Tilbod om å inngå eFaktura-avtale

Om du er registrert med ein gyldig e-postadresse i kommunen sitt register, vil du få ein e-post med tilbod om å inngå eFaktura-avtale med Høyanger kommune. E-posten inneheld ei lenke som du må klikke på for å aktivere slik avtale. Det er sjølvsagt valfritt om du ynskjer å inngå slik avtale.

Konsekvensar for deg som nyttar brevgiro

Den nye fakturaen frå Høyanger kommune er utan bankgiroblankett, og kan ikkje nyttast til brevgiro. Då må du bruke ein tom bankgiroblankett og fylle ut naudsynt informasjon. Informasjonen som skal fyllast ut, finn du på den tilsendte fakturaen frå oss. Tomme bankgiroblankettar får du i din lokale bank.

Vipps Faktura

På litt sikt ynskjer vi óg å tilby betaling med Vipps faktura. Det kjem nermare informasjon om dette, når det vert teke i bruk.

Faktura som vert sendt til rekneskapsførar / andre mottakarar enn deg sjølv

Har du i dag ein rekneskapsførar som mottek faktura på vegne av deg, eller du har annan mottakar, vil dei nye distribusjonsformene overstyre dei som mottakarar, dersom kunden er registrert med personnummer. Då vert fakturaen send til kunden i staden for “annan mottakar”. Vi oppmodar difor dykk som har “annan mottakar”, til ikkje å inngå avtale om digital postkasse.

Her kan du sjå ein video som forklarar digital faktura for deg

Kontakt

bilde av personen: Ann Kristin Lillehauge
Rekneskap konsulent
  • Tlf: 57 71 15 27
  • Mob: $(MOBIL)
  • E-post:  

 

Økonomikonsulent
  • Tlf: 57 71 15 24
  • Mob: $(MOBIL)
  • E-post: