Eigedomsskatt 2019 – utlegging av skattelister

I samsvar med eigedomsskattelova §§14 og 15 og Høyanger kommune sine vedtekter for eigedomsskatt, vert det med dette kunngjort at lista over utskriven eigedomskatt for 2019 vert lagt ut til offentleg ettersyn i 3 veker.

Lista vert lagt ut i resepsjonen på Høyanger Rådhus frå 28.02.2019. 

Eigar kan klage på taksten som er lagt til grunn for eigedomsskatten. Dette fylgjer av eigedomsskattelova §19.

Ei eventuell klage må sendast Høyanger kommune, postboks 159, 6991 Høyanger eller postmottak@hoyanger.kommune.no innan 6 veker frå utlegginga.