Koronavirus - Covid 19

Kommunen har etablert beredskap i samband med utbrotet av koronavirus. Kommuneleiinga og smittevernlegen følgjer situasjonen og utviklinga tett. 

Det er framleis viktig å halde fram med dei nasjonale smitteverntiltaka, særleg når vi no kjem gradvis i meir aktivitet. 
Har du symptom du halde deg heime frå jobb, og ved forverring med hoste/feber/tungpust ring legekontoret. 
VIKTIG: At vi alle følger generelle tiltak med avstand og god hygiene. HUGS: For dei fleste er dette ein mild sjukdom, det er dei eldre og sårbare vi må passe på! Ta vare på kvarandre! 

Nasjonale tiltak

Her finn du meir informasjon om situasjonen og tiltak frå Høyanger kommune

Spørsmål om koronaviruset?
Ring informasjonstelefonen for korona på telefon - fellesnr 992 19 398, kvardagar mellom kl. 10:00-13:00 eller nasjonal informasjonstelefon: 81 55 50 15.

 

Eigedomsskatt -krav om omtaksering av eigedom 2019

Eigedomsskatt er ein kommunal skatt som vert skrive ut i samsvar med Lov om eigedomsskatt til kommunane og vedtekter godkjent av kommunestyret.

Omtaksering av ein eigedom skal skje dersom det i tida mellom dei allmenne takseringane ligg føre ein av dei følgjande grunnane:

a) eigedomen er delt

b) bygningar på eigedomen er rive eller øydelagt av brann eller liknande, eller

c) det er ført opp nye bygningar eller gjort monalege forandringar på eigedomen. Jfr. ny esktl §8a-3(5)

 

Krav om omtaksering må sendast Eigedomsskattekontoret innan 01.11.2018.

Omtaksering vil skje januar/februar 2019.

 

Eigedomsskattekontoret