Koronavirus - Covid 19

Kommunen har etablert beredskap i samband med utbrotet av koronavirus. Kommuneleiinga og smittevernlegen følgjer situasjonen og utviklinga tett. 

Det er framleis viktig å halde fram med dei nasjonale smitteverntiltaka, særleg når vi no kjem gradvis i meir aktivitet. 
Har du symptom du halde deg heime frå jobb, og ved forverring med hoste/feber/tungpust ring legekontoret. 
VIKTIG: At vi alle følger generelle tiltak med avstand og god hygiene. HUGS: For dei fleste er dette ein mild sjukdom, det er dei eldre og sårbare vi må passe på! Ta vare på kvarandre! 

Nasjonale tiltak

Her finn du meir informasjon om situasjonen og tiltak frå Høyanger kommune

Spørsmål om koronaviruset?
Ring informasjonstelefonen for korona på telefon - fellesnr 992 19 398, kvardagar mellom kl. 10:00-13:00 eller nasjonal informasjonstelefon: 81 55 50 15.

 

Einsemd i koronatida

Fleire stader blir menneske i praksis isolert, og kjenner seg einsame. Ikkje fordi ein er sjuk, men fordi ein vil beskytte seg mot smitte av covid-19. Sosial distansering er eit verkemiddel for å beskytte utsette grupper mot infeksjon av koronaviruset samt redusere smitte. Negative konsekvensar av dette kan medføre at dei mest sårbare er meir aleine enn nokon gong tidligare. Sosial isolasjon i koronatida kan slik ha ei rekke konsekvensar for befolkninga – og kan lett bli ei folkehelseutfordring. Når eldre får råd om å få levert varer, gå minst mogeleg ut, og ha kontakt med minst mogeleg menneske, må ein samtidig iverksette tiltak for å motverke fysiske og psykiske konsekvensar.

Alle kan nytte sosiale møteplassar dersom dei gjer ei risikovurdering på førehand, og har fokus på smittevern.

Risikovurderinga går ut på at vi kan møtast som vanleg i koronatida dersom vi er friske, møter friske personar, og at ingen har vore i nærleiken av nokon som er sjuke. Men vi må halde 2 m avstand frå andre, og møtast i grupper som ikkje er større enn fem personar. Vi må også vere nøye med handhygiene. Det kan vere lurt å ha med seg antibac i veska når ein ikkje har høve til å vaske hendene med såpe og vatn. Vi kan møtast utandørs for td å ta ein prat på benken på torget, når veret tillet det, eller for å gå ein tur i lag. Handlar ein tidleg morgon når det er lite kundar i butikkane, kan ein handle inn varene sine sjølv, og så få hjelp til å bringe varene heim. Det er høve til å låne bøker på biblioteket, men bøkene må bestillast på sms og hentast og leverast tilbake utanfor biblioteket. Dersom det er fritidsaktivitetar i kommunen i denne tida, t.d. i regi av kyrkja og foreiningar, og der det er fokus på smittevern, kan ein delta på desse. Slike aktivitetar vil ha ei viktig rolle for å kunne hindre sosial isolasjon, samt å vere eit supplement til ordinært hjelpeapparat.

Seniorar og pensjonistar kan ha kontakt med pårørande, helsepersonell og andre gjennom telefon og ulike digitale hjelpemiddel.

Sjølv om dette ikkje kan erstatte eit møte med familiemedlemmar og vener fysisk, vil internettbaserte løysingar, med bruk av t.d. google duo og facetime, likevel kunne gje sosial støtte og tilhørigheit. Alle som kjenner, eller har familiemedlemmar som er seniorar eller pensjonistar og som kan vere i fare for å bli sosialt isolert; kan bidra med eit besøk i denne tida, motivere til ein gåtur, eit lite møte og ein prat på torget, eller  kanskje ein telefonsamtale - alt gjer ein skildnad!