Etablering av bevaringsområde for hummar i Sognefjorden - informasjonsmøte

Midt på Sognefjorden - Klikk for stort bilete

 

Etablering av bevaringsområde for hummar i Sognefjorden – informasjonsmøte i februar.

Interesseorganisasjonar, yrkes- og hobbyfiskarar og andre interesserte blir inviterte til å gje innspel til etablering av bevaringsområde for hummar i Sognefjorden. Kommunane i Sogn inviterer til møte for å informera om bakgrunnen for arbeidet og kriterie for val av område og for å få innspel til forslag til bevaringssoner.  Meir informasjon om bevaringsområde for hummar, prosessen og forslag til bevaringsområder i Sognefjorden finn du her (link).

Tid og stad for høyringsmøta: 

  • 6. februar i Leikanger kommunehus for kommunane Leikanger, Luster og Sogndal
  • 7. februar i Lærdal rådhus for kommunane Aurland og Lærdal
  • 8. februar i Balestrand rådhus for kommunane Balestrand, Høyanger og Vik

Møta byrjar kl 19. Representantar frå kommunane og Sognefjorden Vel deltek på møta. 

 

Publisert av Maria Brendehaug Petersen. Sist endra 25.01.2018