Fagsamling Rovdyrjakt

Sogn og Fjordane Sau og Geit (SFSG) og Fjorden og Dale Beitelag i samarbeid med SNO og Fylkesmannen i Vestland arrangerer ei fagsamling for å få til ei organisering av effektiv jakt på Rovdyr.  

Samlinga blir i Fjaler 29 Mars kl 1900 (Aula'en på Dale vidaregåande skule).

Om det blir mange påmeldte prøver vi å få til ei ekstra samling Laurdag 30 mars kl 10 i Førde.   

Påmeldingsfrist 27 mars. Samlinga er open for alle.

Som hovedforedragsholder kjem Arne Sveen frå Rena. Han vil fortelje og vise bilete frå tidenes ulvejakt i Julevassreviret i Hedmark og tidenes kortaste (og mest effektive) ulvejakt i Trysil i år. Han vil fortelje litt om forutsettingane for å lukkast som felles jaktleing/organisering, mange nok jegerar og grunneigar tillatelse over store nok områder.

Han vil gå gjennom planlegging, sporing og gjennomføring av effektiv ulvejakt, og om konsekvensar av ulven for folk og dyr. SNO vil fortelje litt om rolla til SNO, samt om kvifor og korleis ein skal melde inn observasjonar og DNA materiale. Frå Fylkesmannen blir det informasjon om FM sin rolle og forskjellar lisens jakt og skadefelling. SFSG orienterer om felles jaktorganisering, kvifor og korleis det er organisert

Påmelding her.