Fire gode vanar som førebyggjer smitte

Her er fire tips som kan førebyggje smitte.Klikk for stort bilete 

Her kjem fire influensa-førebyggjande tips frå Folkehelseinstituttet:

  • Med papirlommetørkle framfor munn og nase skjermar du andre når du hostar eller nys. Kast lommetørkleet etterpå. Vask så hendene.
  • Bruk olbogekroken når du må hoste eller nyse og ikkje har papirlommetørkle for handa.
  • Vask hendene ofte og grundig, særleg når du har vore ute blant folk.
  • Handdesinfeksjon med middel som inneheld alkohol er eit godt alternativ når du ikkje får vaska hendene, til dømes på reise.