Førehandsstemming

Måndag 11. september 2017 blir det halde stortings- og sametingsval.

Velgarar som ønskjer å stemme på førehand, kan gjere det i tidsrommet frå 10. august til 8. september 2017.

I Høyanger kommune kan du førehandsstemme i resepsjonen i rådhuset måndag-fredag kl.08:00 – 15:00. Rådhuset vil i tillegg vere ope for førehandsstemming på følgjande dager/tider:

  • Laurdag   2.september  kl 11:00 – 15:00
  • Torsdag 31.august kl. 15.00 - 19.00
  • Torsdag   7.september kl 15:00 – 19:00

I tillegg vil det i veke 36 bli førehandsstemming på Sørsida bygdetun, Lavik helsesenter, Kyrkjebø sjukeheim, Tronvik, Høyanger sjukeheim og omsorgsbustadane i kommunen.

Tilsette og andre som ønskjer å stemme på førehand, kan nytte seg av tilbodet på institusjonane.

Ta med legitimasjon og godkjent valkort når du skal førehandsstemme.
 

Ambulerande stemmemottaking

Dersom du på grunn av sjukdom eller av andre grunnar ikkje kan møte opp på valdagen eller stemme på førehand, kan du søke valstyret om å få stemme heime. Søknad om dette må sendast til Høyanger kommune, postboks 159, 6991 Høyanger innnan 6.9.17. Du kan og kontakte kommunen på telefon 57 71 15 00 eller e-post: postmottak@hoyanger.kommune.no

Publisert av Synne Vefring. Sist endra 30.08.2017 av Ingrid Fureli
 
 
Login for redigering