Førehandsstemming

Klikk for stort bileteMåndag 9. september 2019 blir det halde kommunestyre- og fylkestingsval.
Velgarar som ønskjer å stemme på førehand, kan gjere det i tidsrommet frå 12. august til 6. september 2019.

 

I Høyanger kommune kan du førehandsstemme i resepsjonen i rådhuset måndag-fredag kl 08:00 – 15:00.

Rådhuset vil også vere ope for førehandsstemming på følgande dagar/tider:
Laurdag 31. august kl 11:00 – 15:00
Torsdag 5. september kl 15:00 – 19:00

I tillegg vil det i veke 36 bli førehandsstemming på Sørsida Bygdetun, Lavik helsesenter, Kyrkjebø sjukeheim, Tronvik, Høyanger sjukeheim og omsorgsbustadane i kommunen. Tilsette og andre som ønskjer å stemme på førehand, kan nytte seg av tilbodet på institusjonane.

Ta med legitimasjon og godkjent valkort når du skal førehandsstemme.

 

Ambulerande stemmemottaking

Dersom du på grunn av sjukdom eller av andre grunnar ikkje kan møte opp på valdagen eller stemme på førehand, kan du søkje valstyret om å få stemme heime. Søknad om dette må sendast Høyanger kommune, Postboks 159, 6991 Høyanger innan fredag 30. august 2019. Du kan og kontakte kommunen på telefon 57 71 15 00 eller epost: postmottak@hoyanger.kommune.no


Petter Sortland
Leiar i valstyret