Koronavirus - Covid 19

VIKTIG: At alle følger generelle tiltak med avstand og god hygiene. HUGS: For dei fleste er dette ein mild sjukdom, det er dei eldre og sårbare vi må passe på! Ta vare på kvarandre! 

Nasjonale tiltak
Her finn du meir informasjon om situasjonen og tiltak frå Høyanger kommune

Spørsmål om koronaviruset?
Ring informasjonstelefonen for korona på telefon - fellesnr 992 19 398, kvardagar mellom kl. 10:00-13:00 eller nasjonal informasjonstelefon: 81 55 50 15.

 

Gradvis gjenopning av sjukeheim/omsorgsbustader

Klikk for stort bileteHøyanger kommune følger helsedirektoratet sine anbefalingar - og vil gradvis opne opp for besøk til bebuarane og pasientane våre. Vi vil følge anbefalingar om å legge tilrette for at pasientar og bebuarar saman med pårørande kan vere i lag ute, og individuelt vurdere tenester som vert utført av eksterne aktørar som fotterapeaut, frisør o.l. Pårørande kan ta med gåver og mat til sine, og må følgje rutiner knytt til dette.

Tiltaka må tilpassast tidsperspektivet som tilseier at epidemien i lengre tid vil vere normalsituasjonen. Dette inneber, for pårørande og andre, at rutinar for oppfølging av smitteverntiltak i sjukeheim og samlokaliserte omsorgbustader fortsatt inneheld at besøkande må avtale besøk på førehand. Personalet vil gå gjennom ei sjekkliste, og med utganspunkt i spørsmåla i denne avgjere om besøket kan gjennomførast. Einingane har også eigne rutinar for korleis besøk skal skje slik at ein ivaretar dei smitteverntiltak og den kontroll som er naudsynt. Grunna ulike forhold,- bygningsmessig og samlokalisering med andre tenester er det ulike rutiner for nokre einingar.

Open omsorg som har samlokaliserte tenester, er det besøk- og oppholdrestriksjonar i kommunalt fellesareal, slik at fellesareal forbeholdast bebuarane. Open omsorg vil fortsatt ha stengde inngangsdører slik at besøkande må ringe for å avtale tid for besøk. Dette fordi ein har behov for å ha kontroll med besøkande for å kunne utføre smittesporing ved evt.utbrot av covid-19. Naudsynt tilkomst til bebuar sin private heim gjennom felles gang/korridor vert ikkje hindra, uten etter avtale med personen sjølv og eventuelt næraste pårørande.

Ta kontakt med einingane for vidare spørsmål.