OBS! Nettleseren din er utdatert. Vi anbefaler at du laster ned en annen, moderne nettleser som Google Chrome, Firefox eller Microsoft Edge.

IMPORTANT! Your browser is out of date. We recommend that you download a more modern browser like Google Chrome, Firefox or Microsoft Edge.

Helsestasjontenester på Helsenorge

Høyanger kommune vil frå 01.03.2023 ta i bruk DigiHelsestasjon, der du enkelt og trygt kan kontakte helsestasjonen via Helsenorge. 

DigiHelsestasjon er ei nasjonal fellesløysing for digital kommunikasjon mellom brukar og helsestasjon/skulehelsetenesta, her inngår også svangerskapsomsorga.

Kjernen i DigiHelsestasjon er å tilby sikre, digitale tenester for gravide, føresette til barn i alderen 0–5 år, samt barn og unge i skulehelsetenesta og deira føresette.

DigiHelsestasjon gjer at innbyggarane i Høyanger kommune, som er brukar av helsestasjon- og skulehelsetenesta kan:

  • sende og ta i mot meldingar til/frå jordmor-, helsestasjon- og skulehelsetenesta.
  • sjå sine timeavtaler og avbestille desse.
  • Få varsel om planlagde avtaler via SMS eller e-post.

For at vi skal kunne bruke denne tenesta på ein effektiv og god måte, må du som brukar logge deg inn på Helsenorge.no, akseptere brukarvilkår og samtykke til å kommunisere med oss via Helsenorge.

Meir informasjon om digital helsestasjon finn du her

Til toppen