Høyring av framlegg til lokal forskrift

Framlegg til lokal forskrift for feiing og tilsyn med fyringsanlegg, samt regulering av feiegebyr for Høyanger kommune, vert lagt ut på høyring  i samsvar med forvaltningslova § 37.

Det er sett ei frist for høyringsinnspel til den 16. januar 2018.

Høyringsdokumentet ligg til gjennomsyn på Høyanger rådhus og her (PDF, 72 kB) fram til og med 16.01.2018.

Innspel kan sendast til Høyanger kommune, postboks 159, 6991 Høyanger. Innspelet må merkast «Høyringsinnspel lokal forskrift feiing og tilsyn Høyanger 2018».

Publisert av Synne Vefring. Sist endra 07.12.2017 av Synne Vefring
 
 
Login for redigering