Høyring - utbygging av breiband i Vadheim og omegn

kart Vadhiem - Klikk for stort bilete Høyanger kommune vil søkje om statleg tilskot til utbygging av breiband i kommunen. Vi vil i 2018 søkje om tilskot for område Vadheim med tilhøyrande grendelag; Løbø, Markeset, Hovden og Dyrenesli.

Søknadsområde

Eit av krava til søknaden, er at planen for utbygging skal vere lagt ut til offentleg høyring i minst ein månad. Bedrifter og innbyggjarar som ønskjer å uttala seg til høyringa, må gjere dette innan 6. mai 2018.

Kommunen jobbar for at innbyggjarane skal ha eit godt og stabilt tilbod om digital kommunikasjon, både gjennom fast- og mobilnett. Det er bygd ut fiberbasert aksessnett til delar av kommunen, men mange har framleis eit aksessnett basert på ADSL og radiolinje med låg kapasitet og kvalitet.

Dagens samfunn baserer store delar av tenestetilbodet på at innbyggjarane har tilgang til internett. Sogn og Fjordane er det fylket i landet med dårlegast dekning av høghastigheits breiband. Utbyggingsbehovet i kommunane er stort.

For å betre situasjonen, vil Høyanger kommune søkje om finansiering til å byggje ut høghastigheits breiband til innbyggjarar, næringsliv og offentlege institusjonar i område som i dag manglar eit tilfredsstillande tilbod. Høyanger kommune søkjer om støtte til Vadheim med tilhøyrande grendeleag; Løbø, Markeset, Hovden og Dyrenesli.

Områda kommunen planlegg å søkje støtte til, er vist i kartutsnittet. Vi gjer merksam på at tilskotsordninga ikkje opnar for å søkje støtte til område som allreie har tilbod om 30 Mbit/s nedstraums kapasitet eller meir, og heller ikkje der det er planlagt utbygging av slik kapasitet.

I samband med søknaden vil vi invitere bedrifter og innbyggjarar til å komme med innspel i høve utbyggingsplanane til kommunen.

Fristen for høyringa er 6.mai 2018.

Innspel kan sendast på e-post til postmottak@hoyanger.kommune.no  ,og merkast "høyringsuttale breibandsutbygging sak 16/311". Du kan og sende inn din merknad via elektronisk skjema . Merknaden går då direkte til kommunen sitt postmottak.