Koronavirus - Covid 19

 Vaksinering      Koronatesting       Siste nytt

Vaksinespørsmål: 992 19 398, mån-tors, kl. 08:00-kl. 15:00. Koronaspørsmål-nasjonal informasjonstelefon: 81 55 50 15.

 

Influensavaksinering - utanom målgruppa

Vi får spørsmål frå personar som ikkje er i risikogruppa og som ønsker influensavaksine, og gjer difor merksam på følgande: 

Høyanger kommune følger FHI sine tilrådingar ved influensavaksinering.

Dersom du ikkje er i målgruppa (risikogruppa) gjeld følgande: Ingen grupper vert frårådde å vaksinere seg mot influensa, og dersom du ikkje høyrer til målgruppa for influensavaksinasjon må du sjølv koste både vaksine og vaksinering. Du kan ta vaksine ved apotek, ved private vaksinasjonskontor eller hjå fastlegen, dersom fastlegekontoret har tilgang til vaksinedosar for ordinært sal. Prisen på tenesta vert fastsett av den einskilde tilbydar. Personar i Høyanger kommune som ikkje er i målgruppa kan bestille resept på influensavaksine hjå fastlegen sin. Vaksine kan etter avtale settast av helsepersonell på fastlegekontoret eller du kan bestille time til vaksinering på apoteket.