Koronavirus - Covid 19

Status pr 25.11.2020: 1 påvist smitta, pågår smittesporing og testing av nærkontaktar. Vi har også ein utanlandsk person som er påvist smitta og som oppheld seg i Høyanger kommune.

VIKTIG: At alle følger generelle tiltak med avstand og god hygiene. HUGS: For dei fleste er dette ein mild sjukdom, det er dei eldre og sårbare vi må passe på! Ta vare på kvarandre! 

Testing i Høyanger kommune - kontakt legekontoret tlf. 57 71 39 00 måndag-fredag, før kl 10:30.

Nasjonale tiltak
Her finn du meir informasjon om situasjonen og tiltak frå Høyanger kommune
Information about covid-19, corona, in different languages

Spørsmål om koronaviruset?
Ring kommunal informasjonstelefon 992 19 398, open måndag - torsdag, kl. 10:00 - kl. 14:00
Ring nasjonal informasjonstelefon: 81 55 50 15.

 

Innanlandsreise - frå/til område med mykje smitte

Klikk for stort bileteReise frå eit område med mykje smitte til eit område utan/lite smitte utgjer risiko for spreiing. Hugs at dei første 10 dagane etter ei reise har du høgare risiko for å vere smitta, sjølv om du føler deg frisk. 

Folkehelseinstituttet ber deg som har vore på på reise i område med mykje smitte om å:
- redusere tal kontaktar
- halde 2 meter avstand til personar i risikogruppa
- vere særleg nøyen med hand- og hostehygiene
- vere særleg merksam på symtom
- teste deg om du får symptom eller trur du kan ha vore utsett for smitte

Les meir på Folkehelseinstituttet sine sider