Koronavaksine i Høyanger kommune

Har du spørsmål om vaksinasjon ring tlf 992 19 398

Telefonen er open onsdag, torsdag og fredag, kl 10:00 - 14:00.

Registrer deg for vaksine her

Alle som skal ta vaksine må samtykke til dette. 
Når det er din tur for vaksinering får du SMS for val av tidspunkt.  

Dose 4 

Etter råd frå FHI tilbyr vi 4. dose koronavaksine til personar med immunsvikt og personar over 80 år som ikkje har gjennomgått koronasjukdom. Personar over 80 år kan tidlegast få 4. dose koronavaksine fire månadar etter oppfriskingsdosen. Er du i målgruppa og ønsker å ta 4. dose koronavaksine må du sjølv ta kontakt, for å få time til vaksinasjon. 

Timebestilling til 4. dose koronavaksine kan du gjere torsdagar og fredagar mellom kl. 10:00 og 14:00 på telefon 99 21 93 98.

 

Tilbod om ny vaksine

Vi gjev tilbod om ny vaksine Nuvaxovid fra Novavaxsom. Dette er ei proteinbasert vaksine og byggjer på ein meir tradisjonell vaksineteknologi enn mRNA-vaksina. Nuvaxovid fikk betinga godkjenning av det europeiske legemiddelbyrået (EMA) i slutten av desember 2021 til bruk fra 18 års alder, og som dose 2 og dose 3.
Vaksina har vist å gi god beskytting mot koronasjukdom.

Ønskjer du denne vaksina, ta kontakt med vaksinetelefonen for bestilling, tlf 992 19 398.


Vaksine for barn frå 5 til 15 år

Vi tilbyr gratis koronavaksine til alle barn i alderen 5-15 år. Alle vil få tilbod om Pfizer vaksine.

Samtykkeskjema

Alle barn må ha samtykkeskjema med seg til vaksinering med underskrift frå begge foreldre/føresette som har foreldreansvar. Dette gjeld også unge som har fått dose 1.
Les meir om samtykkeskjema her 

Meld deg på for vaksine

Bestill time for vaksine av barn mellom 5 og 11 år
Bestill time for vaksine av barn mellom 12 og 15 år
 

Har du spørsmål eller ikkje får til å bestille time elektronisk, kontakt:

• Høyanger helsestasjon, tlf 57711612, måndag- fredag mellom klokka 13.30- 15.00
• Mail til: silje.marie.martinsen@hoyanger.kommune.no

​​​​​​

Status vaksinerte i Høyanger kommune, per 06.05.2022:

dose 1: 3256 (82,1 %)
dose 2: 3087 (77,9 %)
dose 3: 2504 (63,2 %)

 

Vi får tilsendt vaksine etter plan frå nasjonale myndigheiter

Prioriteringsrekkefølge for koronavaksine 

Les meir om prioriteringsrekkefølge på FHI si side

Koronavaksinasjonsstatistikk

Sida til FHI viser tal personar som er vaksinert mot covid-19 i Noreg. 
Du kan velge fylke og sjå dagleg tal for personar som er vaksinert for kvart fylke. Tal vaksinerte er registrert etter dato for når vaksina er sett. Det er ei forsinking i tida frå vaksina vart sett til registrering i Nasjonalt vaksinasjonsregister SYSVAK. Tal vaksinerte kan difor endre seg over tid. Tala vert oppdatert kvar dag i vekedagar.  
Vaksina er ikkje godkjent til personar under 16 år. I dei tilfelle der dette er gjort er desse ikkje inkludert i kjønn- og aldersstatistikken, men likevel tatt med i totale tal vaksinerte.

 

Råd og reglar for deg som er vaksinert eller har gjennomgått covid-19