Kulturpris

Høyanger kommune kan kvart år tildele kulturpris til ein verdi av kr 10 000. 

Retningsliner ved tildeling

Målgruppe 

Enkeltpersonar, lag/grupper.

Kriterium

Det skal gjerast kjent i avisene at kulturpris skal tildelast, og alle innbyggarane i kommunen kan kome med grunngjevne framlegg. Prisen skal tildelast kvart år dersom Utval for samfunn finn kvalifiserte kandidatar.
Enkeltpersonar/lag/ grupper kan ikkje fremje forslag om eige kandidatur.

Kulturprisen skal vanlegvis tildelast:

  • Personar/grupper som har lagt ned ein stor innsats i lagsarbeidet, for å drive laget godt og for å engasjere flest mogleg i lagsaktivitet og skape eit godt miljø i lagsområdet.
  • Personar/grupper som har brukt mykje av fritida si til ulønna instruksjonsarbeid i idrettslag, ungdomslag, song og musikk o.l
  • Personar/grupper som har lagt ned eit stort arbeid til beste for born og ungdom
  • Personar/lag som har lagt ned mykje arbeid for å halde på, vidareføre og fornye gamle skikkar, tradisjonar og uttrykksformer, tek vare på gamle ting, samla inn lokalhistorisk stoff eller på annan måte oppmuntra til lokalt medvit.
  • Personar/lag som har brukt mykje av tida si til å fremja kunstnarleg skaping og oppleving.

Kulturprisen kan delast mellom maksimum 2 kandidatar.

Høyanger kommune står fritt til å velje kandidat også blant tidlegare års framlegg. Vedtak om tildeling av kulturpris vert gjort av Utval for samfunn.

Framlegg sendast til e-post  innan 20.oktober, eller via Postboks 159, 6991 Høyanger.

Tidlegare vinnarar av kulturprisen

Tidlegare vinnarar av kulturprisen
Årstal Namn
1989 Leif Leirnes
1990 Vadheim Musikklag
1991 Olav S. Hjetland
1992 Anton Langøen
1993 Fagforeningens Musikklag
1994 Svein Skaar
1995 Olav Fridtun
1996 Høyanger Skulemusikk
1997 Høyanger Kunstlag
1998 Alf Ringereide
1999 Agnar Hegg og Leif Bjørkli
2001 Bjarne Måren og Eilov Runnestø
2002 Trygve Heggenes
2003 Odd Hjetland
2004 Lavik Skulemusikk
2005 Stiftinga Siplo Tråkkemaskindrift
2006 Ivar Orvedal
2007 Arild Høyvik
2008 Liv Norunn Raasholm
2009 IL Høyang
2010 Ortnevik Grendelag og Solrenning 4H
2011 Høyanger Sanitetsforening
2012 Vadheim Skulemusikk
2013 Bjordal/Søreide Skyttarlag
2014 Miljøet på Skyttarhuset
2015 Valhalls Venner
2016 Lavikdal Ungdomslag
2017 Anders Brekke
2018 Lavik Idrettslag
2019 Reidun Haugnes
2020 Bjarne Hellebø
2021 Høyanger Historielag
2022 Johnny Litsheim
2023 Kyrkjebø Hagelag
Grete Bjørnsen Ulvestad
Konsulent kultur og folkehelse
E-post
Telefon 57 71 15 67
Mobil 99 21 93 84
Jeanette Wølke Friis Walsvik
Einingsleiar kultur og mangfald
E-post
Telefon 57 71 15 71
Mobil 90 07 61 39