OBS! Nettleseren din er utdatert. Vi anbefaler at du laster ned en annen, moderne nettleser som Google Chrome, Firefox eller Microsoft Edge.

IMPORTANT! Your browser is out of date. We recommend that you download a more modern browser like Google Chrome, Firefox or Microsoft Edge.

Kulturprisen

Bilete med akvarell og overskrift. Høyanger kommune Høyanger kommune kan kvart år tildele kulturpris til ein verdi av kr 10 000. 

Retningsliner ved tildeling

 

Målgruppe 

Enkeltpersonar, lag/grupper.
 

Kriterium

Det skal gjerast kjent i avisene at kulturpris skal tildelast, og alle innbyggarane i kommunen kan kome med grunngjevne framlegg. Prisen skal tildelast kvart år dersom Utval for kultur og folkehelse finn kvalifiserte kandidatar.
Enkeltpersonar/lag/ grupper kan ikkje fremje forslag om eige kandidatur.
 

Kulturprisen skal vanlegvis tildelast:

  • Personar/grupper som har lagt ned ein stor innsats i lagsarbeidet, for å drive laget godt og for å engasjere flest mogleg i lagsaktivitet og skape eit godt miljø i lagsområdet.
  • Personar/grupper som har brukt mykje av fritida si til ulønna instruksjonsarbeid i idrettslag, ungdomslag, song og musikk o.l
  • Personar/grupper som har lagt ned eit stort arbeid til beste for born og ungdom
  • Personar/lag som har lagt ned mykje arbeid for å halde på, vidareføre og fornye gamle skikkar, tradisjonar og uttrykksformer, tek vare på gamle ting, samla inn lokalhistorisk stoff eller på annan måte oppmuntra til lokalt medvit.
  • Personar/lag som har brukt mykje av tida si til å fremja kunstnarleg skaping og oppleving.

     

Kulturprisen kan delast mellom maksimum 2 kandidatar.

Høyanger kommune står fritt til å velje kandidat også blant tidlegare års framlegg. Vedtak om tildeling av kulturpris vert gjort av Utval for kultur og folkehelse.

Framlegg sendast til e-post  innan 15. oktober, eller via Postboks 159, 6991 Høyanger.

Til toppen