Kulturskulelærar - 2. gongs utlysing

Musikkpaviljongen - Klikk for stort bilete «Høyanger Kulturskule har i overkant av 3 årsverk med 4 tilsette og ca. 105 elevar innanfor fagområda musikk og visuelle kunstfag. Skulen har eit godt samarbeid med skulane i Høyanger kommune, fritidskulturlivet og profesjonelle kunstnarar. Kulturskulen har ledig fast 100 % stilling frå 01.09.2017 som KULTURSKULELÆRAR  

Vi søkjer ein medarbeidar som ønskjer å vere ein del av det lokale kulturlivet og vere med å vidareutvikle kulturskulen. 

Kvalifikasjonar: 

  • Det er krav om musikkutdanning på høgskulenivå, inkl. pedagogikk eller liknande. Fagønskje:  Treblås, direksjon, song- og bandundervisning
  • Må kunne undervise på norsk
  • Søkjarar må ha førarkort kl. B og disponere bil då noko køyring må påreknast

Personlege eigenskapar:

  • Gode samarbeidsevner
  • Positiv og flink til å kommunisere med både born og vaksne
  • Evne til å legge til rette for å utvikle eit miljø som skapar relasjonar, tilhøyrigheit til kulturskulen og motivasjon for læring og utvikling blant elevane
  • Er fleksibel i høve arbeidsoppgåver
  • Tek utgangspunkt i den enkelte elev sine evner, føresetnader og ønskjer og er i stand til å tilpasse undervisninga etter dette

Vi tilbyr:

  • Spennande arbeidsoppgåver 
  • Løn etter tariff
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Hjelp til å skaffe kommunal bustad

Det blir kravd politiattest av den som blir tilsett.

Kontaktperson for stillinga: Kulturskulerektor Beate Kjølstad tlf 99219371

Elektronisk søknad via søknadssenteret

SØKNADSFRIST: 20.08.17

Vi gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Ønskje om å verte unntatt offentlegheit må handsamast i tråd med reglane i offentleglova.

 

Publisert av Hilde Sviggum. Sist endra 14.07.2017
 
 
Login for redigering