Koronavirus - Covid 19

Kommunen har etablert beredskap i samband med utbrotet av koronavirus. Kommuneleiinga og smittevernlegen følgjer situasjonen og utviklinga tett. 

Det er framleis viktig å halde fram med dei nasjonale smitteverntiltaka, særleg når vi no kjem gradvis i meir aktivitet. 
Har du symptom du halde deg heime frå jobb, og ved forverring med hoste/feber/tungpust ring legekontoret. 
VIKTIG: At vi alle følger generelle tiltak med avstand og god hygiene. HUGS: For dei fleste er dette ein mild sjukdom, det er dei eldre og sårbare vi må passe på! Ta vare på kvarandre! 

Nasjonale tiltak

Her finn du meir informasjon om situasjonen og tiltak frå Høyanger kommune

Spørsmål om koronaviruset?
Ring informasjonstelefonen for korona på telefon - fellesnr 992 19 398, kvardagar mellom kl. 10:00-13:00 eller nasjonal informasjonstelefon: 81 55 50 15.

 

Kunngjering planvedtak Bjørkelia hyttefelt

Kommunestyret vedtok i møte 19.09.2019 i sak 045/19 detaljreguleringsplan for Bjørkelia hyttefelt i Stordalen jf. plan og bygningslova § 12-12.

Detaljreguleringsplan med vedlegg er tilgjengeleg her

Kommunestyret sitt vedtak kan i samsvar med plan og bygningslova §§ 12-12 og 1-9, samt forvaltningslova kap. 6 påklagast til Fylkesmannen i Vestland. Ei eventuell klage vert å sende skriftleg til Høyanger kommune, postboks 159, 6991 Høyanger eller til postmottak@hoyanger.kommune.no

Dersom de har spørsmål kan de kontakte leiar for plan og forvaltning Jostein Nyland-