Legesituasjonen i Høyanger kommune
Høyanger kommune vil orientere befolkninga om at ein frå november 2022 manglar to fastlegar ved Høyanger legesenter. Utfordringa kommunen står i er knytt opp mot den nasjonale fastlegekrisa der det nasjonalt er vanskar med å skaffe fastlegar og fleire personar i Noreg står no utan fastlege.
Høyanger kommune er òg ramma av fastlegemangel og 900 personar står no utan fastlege, samt at situasjonen får konsekvensar for den totale drifta av Høyanger legeteneste.
For å sikre forsvarleg drift, har ein gjort følgjande tiltak
Alle som no står utan fastlege, vil få hjelp av andre fastlegar inntil ny fastlege er på plass. Ein vil måtte pårekne lenger ventetid ved alle fastlegekontor for å kome til fastlege, men ein kan forsikre om at alle henvendingar til legekontoret, vil verte vurdert og at ein skal få naudsynt helsehjelp.
Ved legekontora i Lavik og på Søreide vil ein på dagar utan fastlege ha tilgang til sjukepleiar som har moglegheit for å ha videokommunikasjon med vakthavande lege og fastlegar.
Ein jobbar kontinuerleg med å få inn fastlegar i dei ledige heimlane og vil jobbe mot at situasjonen vert mest mogleg kortvarig slik at ein kan gå tilbake til normal drift.
Publisert 16.12.2022 13.41
Sist endra 16.12.2022 13.41