Koronavirus - Covid 19

Kommunen har etablert beredskap i samband med utbrotet av koronavirus. Kommuneleiinga og smittevernlegen følgjer situasjonen og utviklinga tett. 

Det er framleis viktig å halde fram med dei nasjonale smitteverntiltaka, særleg når vi no kjem gradvis i meir aktivitet. 
Har du symptom du halde deg heime frå jobb, og ved forverring med hoste/feber/tungpust ring legekontoret. 
VIKTIG: At vi alle følger generelle tiltak med avstand og god hygiene. HUGS: For dei fleste er dette ein mild sjukdom, det er dei eldre og sårbare vi må passe på! Ta vare på kvarandre! 

Nasjonale tiltak

Her finn du meir informasjon om situasjonen og tiltak frå Høyanger kommune

Spørsmål om koronaviruset?
Ring informasjonstelefonen for korona på telefon - fellesnr 992 19 398, kvardagar mellom kl. 10:00-13:00 eller nasjonal informasjonstelefon: 81 55 50 15.

 

Legetenesta i Høyanger kommune

Klikk for stort bileteGrunna førebyggande tiltak mot koronasmitte, vil all kontakt med legekontora skje etter avtale, det vert ikkje mogleg å ta kontakt med legekontora i Høyanger, Lavik og på Søreide ved oppmøte.

Vi har no høve til videokonsultasjonar, der vi kan kommunisere med deg via PC, mac, nettbrett eller smarttelefon med kamera. Hugs at du også kan ta kontakt med fastlegen via helsenorge.no.

 

Alle avtalte timar ved legekontora vil bli vurdert og prioritert - fastlegane kan ikkje prioritere helseplager utan klar mistanke om sjukdom, rutinekontrollar, samt skriving av erklæringar og attestar som ikkje er heilt nødvendige. Pasientar som har time for ting som ikkje hastar, vert oppmoda til å avbestilla/utsetje timane sine. Legane vil også måtte utsetja timar på kort varsel.

Dersom du har feber, hoste, tungpust eller andre luftvegssymptom - IKKJE MØT OPP PÅ LEGESENTERET!

Viss du er sjuk, ring oss på telefon 57 71 39 00, så finn vi ut om du treng time for undersøking.

Utvida opningstider på telefon frå fredag 13. mars 2020:

måndag - fredag kl. 08:15 - kl. 11:30 og frå kl. 12:30 - kl. 15:00

Kommunen har oppretta informasjonstelefon

Er du frisk, og har spørsmål om koronavirus kan du ringe kommunen sin informasjonstelefon, fellesnr 992 19 398, mellom kl. 10:00 til kl. 13:00 på kvardagar. Vi har frå 19.03.2020 fleire som kan svare på spørsmål, så her vil du få kontakt med den som er ledig. 

Eller https://helsenorge.no/koronavirus eller deira informasjonstelefon 815 55 015.

 

Når du treng hjelp, kven skal du ringe?

  • fastlegen din i opningstida
  • legevakt 116 117 når fastlegen ikkje er tilgjengeleg og hjelpa ikkje kan vente
  • 113 når det er akutt og står om liv