Legevaktsatelitt opnar i Høyanger 9. desember

Klikk for stort bilete    Høyanger kommune startar frå 9.12.19 med Legevaktsatelitt som er organisert under SYS-IKL (Sunnfjord og Ytre Sogn Interkommunale Legevakt).

Legevaktsatelitten skal vere eit supplement til den ordinære legevakta. Den skal gje hjelp lokalt i Høyanger for helseutfordringar som i hovudsak ikkje er akutte, men som ikkje kan vente til vanleg kontortid.

Når du treng hjelp, kven kan du ringe?

  • Fastlegen din i opningstida på kvardagar mellom kl 08:00 - 15:30. Telefon 57713900
  • Legevakt 116117 heile døgnet når hjelpa ikkje kan vente.
  • 113 når det er akutt og står om liv

Klikk for stort bilete  

Du kan ikkje ringe direkte til Legevaktsatelitten i Høyanger, alle henvendingar går gjennom legevakta i Førde - 116117.

Når du ringer 116117 vil legevaktsentralen i Førde gjere ei medisinsk vurdering og deretter avgjere om ein skal få tilbod om å møte på satelittkontoret eller om ein skal reise direkte til legevakta i Førde.

Legevaktsatelitten finn du på Høyanger legekontor. Nytt hovudinngang ved helsesenteret.

Her vil du møte ein sjukepleiar.  Sjukepleiaren koblar opp ein videosamtale med legevakta i Førde, og bistår legen med undersøkingar og eventuell behandling.

Legevaktsatelittkontoret i Høyanger vil vere tilgjengeleg (via SYS-IKL) mellom kl. 15:30 – 22.00 på kvardagar. På helg 12.00 til 15.00 og etter avtale med legevakt.

Betaling etter satelittbesøk:

Pasientar med smarttelefon får rekning på sms.  Denne er gebyrfri og må betalast innan 11 timar.  Etter dette kjem påminning om gebyr.

Pasientar utan smarttelefon får tilsendt faktura (gebyrfritt).