Lyst til å spele klarinett?

Kulturskulen skal ha eit variert tilbod, og ønskjer å rekruttere fleire elevar til klarinett. Kom og prøv no før påske!

Passar for elevar frå 3.klasse og oppover.

Ved ledig kapasitet tek vi inn vaksne elevar, men born og unge vert prioritert.

Vi er på Høyanger skule om måndagane og Kyrkjebø skule om torsdagane.

 

Velkomen!