Koronavirus - Covid 19

Kommunen har etablert beredskap i samband med utbrotet av koronavirus. Kommuneleiinga og smittevernlegen følgjer situasjonen og utviklinga tett.

Status pr 31.03.2020: Ingen nye smittetilfelle. 

Vi gjer alt vi kan for å hindre og førebygge smitte. Har du symptom du halde deg heime frå jobb, og ved forverring med hoste/feber/tungpust ring legekontoret. VIKTIG: At vi alle følger generelle tiltak med avstand og god hygiene. HUGS: For dei fleste er dette ein mild sjukdom, det er dei eldre og sårbare vi må passe på! Ta vare på kvarandre! 

Nasjonale tiltak er forlenga til 13. april.

Her finn du meir informasjon om situasjonen og tiltak frå Høyanger kommune

Spørsmål om koronaviruset?
Ring informasjonstelefonen for korona på telefon - fellesnr 992 19 398, kvardagar mellom kl. 10:00-13:00 eller nasjonal informasjonstelefon: 81 55 50 15.

 

Meld frå ved mistanke om koronavirus

Klikk for stort bileteHar du symptom som kan skyldast koronavirus? No vil Folkehelseinstituttet at du melder dette inn.

 

Skjema for å melde frå om symptom


Dersom du i løpet av dei siste sju dagane har hatt symptom som kan skyldast koronavirus vil Folkehelseinstituttet at du melder dette inn.

Skjema og meir informasjon finn du på helsenorge.no