Nasjonal tilskotsordning for å inkludere barn og unge - utlysning for 2020

Klikk for stort bileteOffentlege instansar, private aktørar og frivillige organisasjonar kan søke om støtte.

Søknadsfrist er 13. desember 2019.

Søkjarorganisasjonen må ha organisasjonsnummer på søknadstidspunktet.

Lokallag, fylkeslag, regionslag og andre må søkje gjennom kommunen. Døme på dette er lokale ledd av kor, korps og frivillige organisasjonar og idrettslag.

I regelverket til tilskotsordninga er det beskrive kva man kan søkje tilskot til og kva kriterier som må vere oppfylt for å søkje. Det er svært viktig at søkerane setter seg godt inn i regelverk, rettleiaren og kravet om rapportering.

I regjeringa sitt framlegg til Statsbudsjett for 2020 er det sett av om lag 310 millionar kroner til "Nasjonal tilskotsordning for å inkludere barn og unge" (tidlegare Nasjonal tilskotsordning for inkludering av barn i familiar med log inntekt). Bufdir lyser ut midlane med atterhald om Stortingets endelige budsjettvedtak.

Målet er å motverke og/eller dempe konsekvensane av fattigdom blant barn og ungdom.

For at frivillige organisasjonar, private aktørar eller offentlige instansar skal kunne søkje om støtte gjennom kommunen. Høyanger kommune har stadfesta at dei vil kunngjere ordninga lokalt og vurdere og rangere søknader som er tilknytt kommunen.

Punktet over gjeld ikkje for frivillige organisasjonar som omfattast av punkt 1b) i regelverket. Frivillige organisasjonar kan søkje Bufdir direkte dersom dei representerer sentralleddet i organisasjonen. Døme på sentralledd er Norges Røde Kors, Blå Kors i Norge, Norges Korforbund, Norsk Speiderforbund osv.

Vi gjer merksam om at direktesøknader som ikkje oppfyller kravet til å være sentralledd, vil bli avvist.

Følg med på tilskotsordninga si nettside for oppdatert informasjon og regelverk.