Koronavirus - Covid 19

Status pr 25.11.2020: 1 påvist smitta, pågår smittesporing og testing av nærkontaktar. Vi har også ein utanlandsk person som er påvist smitta og som oppheld seg i Høyanger kommune.

VIKTIG: At alle følger generelle tiltak med avstand og god hygiene. HUGS: For dei fleste er dette ein mild sjukdom, det er dei eldre og sårbare vi må passe på! Ta vare på kvarandre! 

Testing i Høyanger kommune - kontakt legekontoret tlf. 57 71 39 00 måndag-fredag, før kl 10:30.

Nasjonale tiltak
Her finn du meir informasjon om situasjonen og tiltak frå Høyanger kommune
Information about covid-19, corona, in different languages

Spørsmål om koronaviruset?
Ring kommunal informasjonstelefon 992 19 398, open måndag - torsdag, kl. 10:00 - kl. 14:00
Ring nasjonal informasjonstelefon: 81 55 50 15.

 

Nye retningsliner for alle

Klikk for stort bileteSosial kontakt

• Oppmoding om at alle i dei kommande vekene i størst mogleg grad held seg heime og har avgrensa sosial kontakt med andre menneske. 

• Unge og vaksne som har vore saman med vener og i andre situasjonar der det ikkje har vore  ein meter avstand, bør halde to meter avstand til folk i risikogruppa. 

Reise

• Unngå unødvendige innanlandsreiser. Unnatak frå dette er arbeidsreiser som vurderast som nødvendige og reiser til fritidseigendomar som kan gjennomførast utan kontakt med andre. 

Skular og utdanning

• Alle universitet, høgskular og fagskular skal vurdere om dei i perioden framover kan redusere undervisninga og annan aktivitet som gjev auka mobilitet, blant anna press på kollektivtrafikken. 

• Vidaregåande skular og ungdomsskular må førebu seg på at tiltaksnivået kan bli raudt, dersom smitten stig ytterlegare. 

Nye reglar for alle 

Private lag og arrangement

• Grense på inntil 20 personar i private lag på offentlege stad og i leigde lokale og 50 personar på innandørs arrangement utan fastmonterte sete. Innandørs kan det vere inntil 200 personar på arrangement der alle i publikum sit i fastmonterte sete. Endringa vert sett i verk midnatt, natt til måndag 9. november. 

Uteliv

• Nasjonal skjenkestopp kl. 24.00. Serveringsstader med skjenkeløyve kan ikkje ta inn nye gjester etter kl. 22.00. Endringa vert iverksett ved midnatt, natt til laurdag 7. november. 

Karantene og reise

• Reisande fra raude land må vise fram attest på negativ covid-19-test når dei kjem til Noreg. Testen må vere tatt under 72 timar før innreisa. Kan personen ikkje vise fram ein slik test, kan vedkommande bli nekta innreise. Dette vert sett i verk frå midnatt, natt til måndag 9. november. 

o Kravet skal ikkje gjelde for nordmenn, personar som har bustad i Noreg eller personar i transitt.

o Kravet gjeld ikkje personar som jamnleg kjem til Noreg frå Sverige og Finland for å jobbe.

o Kravet gjeld helsepersonell som pendar til Noreg og som har vore meir enn sju dagagar utanfor Noreg.

o Personell i kritiske samfunnsfunksjonar kan unntakast når det er nødvendig for å unngå fare for liv og helse.

• Personar som kjem til Noreg må ha fast bupel i landet, eller arbeids- eller oppdragsgjevar må gi garanti for eigna opphaldsstad når dei kjem til Noreg. Personar, inkludert turistar og besøkande, som ikkje har eigen bupel eller arbeids- eller oppdragsgjevar i Noreg må opphalde seg på karantenehotell og teste seg i karanteneperioden. Dette gjeld også familiemedlemmer som kjem for å besøke slekt i Noreg. Helsedirektoratet skal utarbeide korleis desse krava kan innførast. Fram til dette er gjort, skal grensekontrollen forsterkast etter eksisterande regelverk. 

Du kan lese meir om dei nye reningslinene her