Offentleg ettersyn og høyring for kommunal planstrategi 2024-2027

Kommunestyret fatta i møtet den 5. september vedtak om å leggja utkast til Planstrategi 2024 – 2027 ut til høyring og offentleg ettersyn.

Foto Odd Arild Løseth

Kva skjer?

Høyanger kommune har utarbeida eit forslag til planstrategi for 2024-2027  Dette dokumentet er no ute til offentleg ettersyn og høyring.

 

 

 

 

 

Kva handlar dokumentet om?

Dokumentet seier noko om korleis kommunen skal planlegge for dei neste åra og inneheld:

  • Ei skildring av plansystemet, utviklingstrekk, utfordringar og moglegheiter for Høyanger kommune.
  • Ei vurdering om kommuneplanen skal vidreførast, eller om den heilt eller delvis skal reviderast. 
  • Ei vurdering av kva planar kommunen skal lage eller oppdatere dei neste åra.

Kvifor er dette viktig?

Planstrategien og kommuneplanen er viktige styringsdokument for kommunen. Dei påverkar korleis Høyanger skal utvikle seg i åra framover.

Kor finn eg meir informasjon?

Korleis kan eg gi innspel?

Du kan sende dine kommentarar og innspel på to måtar:

Kva skjer vidare?

  • Alle innspel vert gjennomgått og vurdert.
  • Eventuelle endringar vert gjort i forslaget.
  • Kommunestyret skal vedta planstrategi og planprogram i desember 2024.
  • Arbeidet med revisjon av samfunnsdelen startar.
Kine Larsen Lægreid
Planleggar
E-post
Telefon 57 71 15 87
Mobil 45 14 20 74
Synne Vefring
Leiar tenesteeining plan og forvaltning
E-post
Telefon 57 71 15 47
Mobil 97 56 12 55